Vinteris
Vinterisen -
kjøvande og tung
ligg han over vassblå yte
gøymande
dei djup og botnar
i min fjord
D u l t
er alt som ulmar
nedi mørke djup
og ingen veit
den løynde draum
som isen slik ligg over
ingen anar
fjordens dirr innunder
Berre buble etter buble
stig og stivnar t i l
der under isens flak
og det er såvidt
ein vågar nemne
det som finst
av uforløyst
S t e n g t
er hjartet no
s t i l l
er fjordens song
Jon Fjone


2 kommentarer:
Det beste diktet j har sett på lenge
Børli snakker om sitt indre Alaska i et dikt- der det vaskes gull i j trur det var Crippled Creek eller noe sånt- "på leting etter ordene "
Får meg til å undres litt over meningen med årstidene - og hva som skjer med oss nå når de viskes mer og mer ut. Vil vi forandre oss?
Legger merke til den sammenkrølla ;-)
Legg inn en kommentar